Jonas tilbake i blått
Forfatter: Svein Kristiansen
18. juni 2022
Sandane held koken i 5. divisjon og tok nye poeng i bortekampen mot Bjørn/Fanaråk fredag kveld. Og med nr 7 på midtbana: Jonas Denk.
Bjørn/Fanaråk 2-5 (2-2)
5. divisjon
Arkivbilde: Jonas Denk i kamp mot Årdal 2 i 2014.
Sandane kom under etter skåring på straffespark for heimelaget, men Hallvard Bjotveit (3 mål i kampen) var i storslag. Etter 2-2 til pause var det Sandane som skåra måla i andre omgang, og kunne ta heim tre poeng med 5-2 samanlagt.
Gledeleg for Sandane: Jonas Denk har på ny meldt seg til teneste for dei blå. Han vart speleklar torsdag denne veka.
-Det var aldri noko tvil om kven som var det beste laget i denne kampen. Vi slapp inn to mål som kunne vore unngått. Det gav oss høvet til å teste oss på å ligge under i ein kamp, og det takla vi greitt, seier STIL-trenar Simon Gimmestad.
Sandane spela tolmodige med ballen og skapte rikeleg med sjansar. -At vi kun skåra 5 mål er nesten eit under.
STIL-trenaren gledar seg over at Jonas Denk er tilbake på Sandane i sommar. -Vi mangla fleire sentrale spelarar i denne kampen, så det er godt å få Jonas inn. Hallvard Bjotveit skåra årets første hattrick, det er også godt å ta med, seier Simon.