STIL-seier i Førde
Forfatter: Svein Kristiansen
09. oktober 2016
STIL sikra seg tre poeng etter ein flott tomålssiger mot Førde 2. Sandane stilte med det som var eit nesten reint juniorlag. -Det er potensiale i dette laget, seier ein nøgd STIL-trenar.
Førde 2 - Sandane 0-2 (0-0)
Hafstadparken
0-1 William Landøy
0-2 William Landøy
William Landøy vart tomålsskårar og sikra STIL-gutane ei god oppleving mot eit på papiret godt og sterkt Førde 2.
I første omgang var det Førde 2 som oppskriftsmessig førte an, sjølv om Sandane noterte seg for eit par stor esjansar. -Vi låg lågt frå start og klarte å skape ein god defensiv kontroll.
Førde 2 opna også best i andre omgang, men etter kvart kom Sandane meir inn i kampen. William Landøy skåra eit fint mål etter corner. Dette vart ei vitamininnsprøyting for Sandane, og det vart ein kollektiv innsats der spelarane fekk trua på poeng, fortel trenar Øyvind Hervik. Då William Landøy ordna 2-0 med ti minutt igjen å spele, var det for Sandane å kontrollere seieren. -Dette var ei flott oppleving og skapte mykje positivitet i eit ungt lag som det bur mykje fin fotball i, seier Hervik.