[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Din tur no? Dugnadsfolk søker dugnadsfolk

Forfatter: Svein Kristiansen

23. februar 2022

Fotball
News article image

Medan nokre kanskje nyt ein velfortent vinterferie er det ei lita gruppe dugnadsfolk som ikkje kviler: valnemnda i STIL fotball. -Vi treng framleis frivillige til små og store oppgåver til styre og stell i lagsapparatet, fortel leiar i valnemnda,Terje Skaaden Felde.

Det trengs mange kostar for å få kvardagen til å gå rundt i STIL Fotball, og når det no nærmar seg årsmøte har valnemnda i fotballgruppa ei travel tid. Og dei er ikkje åleine. -Folk flest har det travelt, men vi håpar vi kjem i mål. Skal det gode tilbodet i STIL bestå er vi avhengige av at kvar og ein tar sin tørn, seier Skaaden Felde til heimesida.

Fotballgruppa har det siste året hatt ein stor gjennomgang av organisasjonsplanen, der eitt av siktemåla er å gjere arbeidsoppgåvene i klubben meir oversiktleg og tydeleg. Det er også eit mål å dele klubbarbeidet på fleire hender, slik at oppgåvene blir overkomelege.

Valnemnda består forutan Terje Skaaden Felde av Anne Lene Omnes og Hege Ravnestad/Egil Eikenes. Dei har funne kandidatar til nokre av funksjonane, medan det framleis står nokre postar opne, fortel Terje Skaaden Felde. -Vi må mellom anna få plass ein arrangementsansvarleg/styremedlem, eit medlem til sportsleg utval, ein registreringsansvarleg (FIKS) og ein som skal ha ansvar for merking av baner.

STIL fotball oppmodar alle om å stille på og ta sin tørn i det viktige arbeidet for barn og unge på Sandane!