Vi søker instruktørar til SUPERSOMMAR
Forfatter: Svein Kristiansen
12. mai 2021
Kvar laurdag i sommarferien, arrangerer STIL Fotball eit fotballtilbod for barn og unge i alderen 7-17 år, og vi har behov for instruktørarar.
Er du født i 2004 eller tidlegare så kan du søke om å bli instruktør og dermed skaffe deg ein svært spennande sommarjobb. Vi ønskjer rundt 10 instruktørar kvar laurdag.
Dette er eit gratis tilbod for barn og unge der idrettsglede står i fokus. Det blir mykje spel og lagt opp til ferdighetsløyper osv.
Tilbodet er frå 10.00-12.00, men instruktørane møter opp i god tid og blir igjen for opprydding, dvs at dei blir lønna for tre timar.
Vi ønskjer rundt 10 instruktørar kvar laurdag, med oppstart 19. juni og siste dag 31. juli.
Det binder deg ikkje til å arbeide alle laurdagar dersom det ikkje passar med andre jobbar, evt reise. Om det er laurdagar du ikkje kan stille, er det fint om det blir informert om dette i søknaden.
Det er åpent for alle å søke, men medlemmar i STIL i alderen 17-20 år vil bli prioritert, framfor søkarar utan noværande eller tidlegare tilknytning til klubben.
Vi oppfordar både jentar og gutar til å søke.
Vi ser etter ungdom som er sjølvstendige, positive, har godt humør, flinke til å aktiviserer barn, viser omsorg og er gode rollemodellar.
Instruktørane får også tilbod om eit gratis trenarkurs.
I søknaden skriv du litt om deg sjølv og kvifor du ønsker denne sommarjobben. Ellers: Har du erfaring frå andre jobbar? Kva er din fotball-CV?
Alle som skal ha denne typen arbeid må legge fram politiattest. Er du under 18 år er det dine foreldre som må søke for deg, er du over 18 år søker du sjølv. Attesten er lett å søke om på nettet, og du kan ordne med den straks du har fått beskjed om at du får sommarjobb hos oss (stadfestinga på at du har fått sommarjobben skal sendast inn saman med søknaden om politiattest).
Send søknad til sportsleg leiar: Ingmar Sægrov. E-post: [email protected]
Søknadsfrist: 24 mai 2021