Enivest IFO
Årsmøtet i fotballgruppa er utsett til mandag 7. mars 2022
Forfatter: Gro Pleym Iversen
21. februar 2022
Fotball
Årsmøtet i STIL fotball er utsett til mandag 7. mars kl. 19.30.
Stad; Garderobebygget, Sandane Idrettspark
SAKLISTE:
- Godkjenning av stemmerett
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av møteleiar, referent og to medlemmar til å underskrive protokollen
- Årsmelding 2021
- Rekneskap 2021
- Fastsette treningsavgift for 2022
- Bruksrett til Gloppen kommune (kunstgrasbane)
- Budsjett 2022
- Val
Styret har ikkje motteke saker innan fristen 14. februar. Saksdokumenta blir lagt ut på nettsida vår 28. februar.
MERK - her blir det ei forsinking. Vi håper å kunne få ut papira innan torsdag 4. mars 2022. (redigert)
Årsmøtet legg grunnlaget for klubben sin aktivitet og styret sitt arbeid. Alle medlemmar over 15 år som ønskjer å vere med å bestemme kva klubben skal gjere og korleis den skal drivast, bør delta på årsmøte.
Vel møtt!
Helsing
Gro Pleym Iversen, styreleiar