Ny landskampssuksess i fotballhallen
Forfatter: Svein Kristiansen
06. september 2015
Norge vann og det vart ein jubelkveld både på Ullevaal og framfor storskjermen i fotballhallen på Sandane. Nokre mindre tekniske vanskar vart rydda av vegen i pausen og publikum fekk sjå Norge storspele utover i andre omgang.
Heile 230 personar var innom fotballhallen søndag kveld, noko STIL Fotball er svært nøgd med. - Vi har hatt over 800 personar til stades i hallen på dei tre landskamparrangementa vi har hatt i år, opplyser fotballgeneral Sjur Gimmestad. Rett over helga vil Norges Fotballforbund ta stilling til om det også blir ein fjerde landskamp med pengestøtte til lokale kvalitetsklubbar. Det vert i så fall neste EM-kvalifiseringskamp for Norge, mot Malta 10. oktober.
Det var dessverre nokre mindre, men forstyrrande vanskar med biletet i første omgang, Det viste seg å vere ei dårleg kontakt, noko som var ei smal sak å rette på når diagnosen først var stilt.