Kva no Simon?
Forfatter: Gro Pleym Iversen
12. juni 2023
Tap i dei to siste kampane
Sandane møter Bremanger på bortebane komande helg, laurdag 17. juni kl.14. Kjekt om vi får med oss ein gjeng supporterar! Nå treng vi ein seier etter to strake tap på bortebane. Først mot Årdal 3. juni og nå sist helg mot Eid.
Etter kampen mot Årdal som enda 3-1 uttalte Sandane trenar Simon André Gimmestad:
Skal vell aldri vere fornøgd med tap, men med eit lite unntak idag. Gutane viser karakter og står imot eit godt Årdalmannskap. Kunne og kanskje burde hatt fleire scoringar. (Begge lag). Fin ramme rundt kampen
Og etter kampen mot Eid der vi går på ein smell med 4-0 tap uttaler trenar Simon André Gimmestad:
4-0 tap i ein merkeleg kamp. Ingen av laga har spesielt med sjangsar likevel klarar Eid å score 4. Personlige feil på eigen halvdel på samtlige mål.
Ja, kva no Simon André Gimmestad?