[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Endeleg seier for STIL

Forfatter: Gro Pleym Iversen

17. juni 2023

Fotball
News article image

Sandane vann 2-1 mot Bremanger

Merk at neste kamp denne sesongen er heime mot Vik torsdag 22. juni kl. 19. Kampen er omberamma frå laurdag 24. juni.

Dette er siste kamp i vårsesongen og då treng laget ekstra støtte frå publikum. Backing frå publikum gir laget ekstra energi. Så møt opp, lag liv og ekstra trøkk, så kan STIL sikre seg ein litt betre plassering på tabellen.

___

Det gjorde godt med seier i bortekampen mot Bremanger. Sandane sine mål vart scora av Tore Tveit og Hallvard Bjotveit.

Bjarte Skaaden og Håvard Hetle leia laget til seier i dag. Bjarte seier følgande like etter kampen:

Ikkje ein kamp for historiebøkene. Innsatsen og gløden er enorm, men kampen blei slik vi kanskje frykta- mykje duellar og vi fekk sjeldan til det vi aller helst vil. 3 poeng smakar uansett veldig godt! No ser vi fram til heimekamp på kunstgras komande torsdag.

Hovuddommar; Jeikishan, Ass. dommere; Aske og Vilnes

Konklusjon frå Firdalive reportar: "Det endar med ein 1-2 siger til Sandane ut i frå sjansar, så burde Bremanger ha scora meir mål og fått med seg poeng"

Meir frå kampen på Firdalive

Lagoppstilling mot Bremanger