[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Landskamp i fotballhallen!

Forfatter: Svein Kristiansen

05. juni 2015

Fotball
News article image

Mange vil støtte STIL Fotball og sjå landskamp samtidig.

Mandag kveld vert privatlandskampen mellom Norge og Sverige vist på storskjerm. Kampstart kl 20.00. Det blir kiosk og god stemning!

Vi gler oss over at så mange syner engasjement og interesse! Det er eit flott handslag til STIL Fotball at vi fyller hallen mandag kveld! Men det kjem meir:

FREDAG 12. JUNI VERT DEN STORE DAG FOR SANDANE-FOTBALLEN.

Fredag vert den nye treningshallen for fotball offisielt opna, Sandane vert utnemnt som Kvalitetsklubb av representantar frå Norges Fotballforbund og Sogn og Fjordane Fotballkrets, det vert 4. divisjonskamp mellom Sandane og Dale, OG kvelden vert avslutta med lanskamp på storskjerm i fotballhallen: Norge - Aserbadsjan (EM-kvalifisering).

For kvar person som ser landskampen på storskjerm, får STIL Fotball kr 100 frå Norges Fotballforbund!

Dette gjeld både Norge - Sverige på mandag, og Norge - Aserbajdsjan fredag.

 

STILL OPP og gje eit handslag til Sandane-fotballen!