Kven fortener å bli årets Fair Play-lag i STIL Fotball?
Forfatter: Adminstrasjonen
25. august 2026
Kven fortener å bli årets Fair Play-lag i STIL Fotball?
No har du sjansen til å løfte fram det gode arbeidet som blir gjort i ditt lag! Vi oppmodar alle trenarar, lagleiarar og foreldre til å nominere det laget dei meiner fortener Årets Fair Play-pris i STIL Fotball.
Fair Play handlar om å skape eit fotballmiljø der alle får kjenne på meistring, tilhøyrsle og idrettsglede. Send inn nominasjonen din og fortel kort om kva laget gjer som fortener å bli trekt fram.
Vi gler oss til å lese nominasjonane og til å løfte fram dei gode Fair Play-historiene i STIL Fotball!
Nominasjonsfrist: 27. september 2026
Send nominasjonen til: [email protected]
Kva kjenneteiknar eit Fair Play-lag?
Eit Fair Play-lag handlar om meir enn det som skjer når dommaren bles i fløyta. Det handlar om korleis vi er med kvarandre – på trening, i kamp og elles i fotballmiljøet.
Eit Fair Play-lag kan til dømes vere eit lag som:
- Skapar tryggleik og inkludering for alle spelarar
- Gir rom for ulikheiter i føresetnader og ferdigheitsnivå
- Bidreg til gode og trygge kampar med respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum
- Handterer utfordringar på trening og i kamp på ein konstruktiv måte
Du treng ikkje oppfylle alle punkta – det viktigaste er å vise fram det gode arbeidet som blir gjort!
Tidlegare vinnarar
Fair Play-prisen har etter kvart blitt ein fin tradisjon i STIL Fotball. Dei siste åra har ulike lag blitt løfta fram for det gode arbeidet dei gjer for å skape eit trygt, inkluderande og positivt fotballmiljø.
2025 – Jenter 2014
Jenter 2014 vart kåra til Årets Fair Play-lag i 2025. Juryen trekte fram den sterke utviklinga innan inkludering, respekt og samhald. Laget er ei samansveisa og støttande gruppe som heiar på kvarandre og viser stor idrettsglede.
Laget har mellom anna arbeidd aktivt med sosiale tiltak, samhald og gode haldningar. Dei har også utvikla eit godt fellesskap med jentelaget frå Stryn. Prisen vart feira med pizza-kveld.
2024 – Jenter 2012
Jenter 2012 fekk Fair Play-prisen i 2024. Dei vart omtala som ei samansveisa gruppe med stor glede på fotballbanen og eit sterkt fokus på at alle skal ha det bra.
Jentene viste omsorg for kvarandre og motspelarar, hadde stor respekt for dommarar og andre dei møtte, og hadde eit bevisst forhold til korleis dei oppførte seg både på og utanfor bana.
2023 – Gutar 2011 og jenter 2011
I 2023 gjekk prisen til 2011-kullet, gutar og jenter. Kullet vart løfta fram for arbeidet med inkludering, samhald og gode haldningar.
2022 – Gutar 2009 og jenter 2009
I 2022 vart G13 og J13 kåra til Årets Fair Play-lag. Dei hadde arbeidd målretta med å endre ein negativ haldningskultur og skape større respekt og likeverd mellom gutar og jenter.
Gutane og jentene byrja å trene saman, og gjennom målretta inkludering og tydeleg vaksenleiing vart jentene i større grad sett på som likeverdige treningspartnarar. Arbeidet gav positive utslag både på og utanfor bana.