Sterk borteseier mot Hornindal
Forfatter: Svein Kristiansen
23. april 2022
Sandane 2 leverte ein god kamp og vann til slutt 0-3 i ein jamn kamp.
ekst og foto: Ingmar Sægrov
Sandane sitt 6 div lag starta sesongen på best mogleg vis på fredag. 3 mål , 0 baklengs, og kanskje det viktigaste i denne divisjonen, ingen skader. I sesongoppkøyringa har vi spelt på små flater i kaldhallen og det var litt spenning om vi skulle klare oss på stor bane og om kroppane til dei litt eldre skulle takle dei store områda. Men det gjekk fint, og med innslag av ungdom med løpskraft leverte laget ein god prestasjon mot eit fysisk sterkt Hornindal.
Dalane og fjella rundt flotte Hornindal førte til at kampen blei spelt i skugge og med ein del vind. Denne vinden og den korte bana førte til at ein god del av gjennomspel gjekk inn til keeper begge veger. To gode målvakter som var offansive førte til ein del nesten-sjangsar for begge lag.
I det 43 speleminutt avanserte Petja Cink seg fint fram på høgre sida, og leverte eit flott innlegg til Ingmar Sægrov som kunne spasere ballen i mål. I pausa gjennomførte Sandane ein del bytter slik at alle fekk godt med speletid og vi endra litt på formasjonen. Det tok litt tid før vi kom godt i gang i 2 omg, men vi tok meir og meir over banespelet. I 6 div er det alltid ein del forbetringspotensiale, men for begge laga er nok pasningskvalitet eit stikkord som blir jobba med framover.
Hat trick i kramper
Hornindal var ved fleire anledningar nære scoring etter ballbrudd, men ein god Sebastian Uribe holdt nullen for Sandane. Siste 15 min skjer det mykje på Hornindal stadion. Sandane får straffe, men ei god redning førte til at det var spenning i kampen. Deretter bestemmer Petja seg for å banke til , og skaffar oss det viktige 0-2 målet. På slutten får Lars Midthjell Gjørven på Hornindal hat-trick i kramper. Tre kramper iløpet av 2 omg og dagens innsatspris går nok til han.
5 min før slutt startar Kristoffer Kaale lokomotivet/bulldosaren og avanserer frå forsvarsposisjon før han får eit klart frispark 20 meter i mål. Petja Cink skyter via muren og i mål og dermed er kampen avgjort.
Solide debutantar
I dag hadde vi tre nye spelarar som debuterte i Sandane-drakt. Levy Vos frå Nederland som leverte ein god kamp i forvaret med ein imponerande ro og fin pasningsfot. Mehmet Kostekci og Nicholas Delashmutt har meldt overgang frå Breimsbygda og dei presenterte seg fint med solid innsats og positive bidrag (bildet over: f.v.: Levy, Mehmet og Nicholas).
Utanom dei tre nye spelarane hadde vi også to 06-modellar som spelte sin første seniorkamp. Seniordebut mot sterke spelarar frå Hornindal er ikkje alltid like lett, men August Aa Berge (t.v. på bildet) og Reinhart Aagård Midthjell (t.h.) skal vere godt fornøgd med kampen.