Anbefaling - last ned Intersport app
Forfatter: Gro Pleym Iversen
15. oktober 2022
Rabatt til deg - kickback til fotballgruppa
Rabatt hos Intersport Sandane gjeld for medlemmar i STIL fotball som har betalt medlemskontingent. Også vaksne som har aktiv tilknyting/tillitsverv i STIL fotball og har betalt medlemskontingent får rabatt hos Intersport Sandane. Medlemsrabatten er 20% på klubbsortiment, 15% på anna sortiment og 10% på ski/sykkel. Rabattane gjeld ikkje for tilbod/salsvarer og treningspulskokker, el-syklar og skipakker.
Vi anbefalar å laste ned Intersport appen på Google Play eller i App store. Her legg de inn personopplysningar, går vidare til «profil» og finn STIL fotball med kode 2570 og vel tilknytt. Ved å trykke på STIL fotball vil det komme fram kva medlemsfordelen er. Appen med scannekode vises i kassen og dette blir registrert. Foresette kan bruke rabatten på kjøp til barn som er medlem.
Det blir arrangert ein klubbkveld/veke i løpet av året der butikken har ekstra gode tilbod til medlemmar. Intersport sel også STIL skjerf for fotballgruppa.
På appen Spoortz ligg dokumentasjon for betalt medlemsavgift. Denne kan leggast fram hos Intersport som dokumentasjon.