[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Ta trenarutdanning!

Forfatter: Svein Kristiansen

29. august 2016

Fotball
News article image

Kompetanse er ein nøkkelfaktor i tilbodet vårt og til helga får STILs trenarar eit nytt høve til å ta imot impulsar.

I samarbeid med fotballkretsen blir det då arrangert delkurs 3 i den såkalla C-stigen. Dette er eit kurs som høver for alle foreldretrenarar.  Kurshaldar er Joar Fossøy, Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

Dei siste tre åra har nær 30 Sandanetrenarar gått på liknande kurs. Målet for klubben er å få utdanna flest mogeleg C-trenarar til beste for dei mange ivrige fotballspelarane vi har ansvar for. Pr i dag har STIL 3 UEFA B-trenarar, og 10 C-trenarar. Og fleire skal det bli. 

Har du anledning til å delta på kurset som vert arrangert fredag 2. - laurdag 3. september - send ein epost til [email protected].