Bli med på aktivitetsleiarkurs!
Forfatter: Svein Kristiansen
19. august 2015
Som aktivitetsleiar/instruktør i barneidretten er du viktig for barn si utvikling! Bli med på gratis impulskurs!
STIL har mange frivillige instruktørar, og fleire som er i startgropa for å følgje barna sine i idrettsaktivitetar. No ønsker idrettskrinsen å gje nye og gamle idrettsinstruktørar litt ekstra ballast.
Eit aktivitetsleiarkurs i barneidrett gir kunnskap og tryggheit til å drive variert aktivitet for barn opp til 12 år. I tillegg får ein konkrete, praktiske tips til aktivitetar og korleis ein kan bygge opp ei trening slik at barna opplever meistring og allereie gler seg til neste trening!
Idrettskrinsen set opp kurs 23.-24. oktober.
Kurset består av:
14 timar med kurslærar – både teori og praksis (fredag kveld + laurdag)
2 timar e-læring
Les meir om kurset her:
Om det er interesse for å ta kurset meld tilbake innan 14. september! Kurset er gratis.
Stad for kurset vert annonsert seinare. .