Knut (80) held koken!
Forfatter: Svein Kristiansen
09. juni 2016
Knut Stavang debuterte på A-laget til Florø i 1950, og spelte seinare fotball også for Sandane. Det er mange år sidan, men tru ikkje at Knut har trekt seg tilbake. Seinast torsdag var han dommar i kampen mellom Sandane og Breimsbygda (J12).
STIL Fotball er velsigna med mange gode dugnadshjelparar, men ingen kan vel heilt matche Knut Stavang, som har vore aktiv i fotballen og idretten på Sandane i heile sitt vaksne liv. Han spela som aktiv fotball for Sandane og var sidan engasjert i fotballgruppa og seinare også leiar i hovudlaget. Dei fleste unge i laget vårt vil kjenne han som fotballdommar på Faleideflata, i Idrettsparken og på idrettsplassen gjennom mange år.
-Eg har drive med fotball sidan 1950, og det er framleis moro å vere med, forklarer Knut, når vi spør han kva som gjer at han framleis held på med fotballdømminga. -Eg hugsar sjølv frå den tida eg var fotballeiar at det kunne vere vanskeleg å skaffe fotballdommarar. Kan eg bidra og hjelpe STiL, gjer eg gjerne det, seier Knut.
Etter kampen fekk Knut Stavang blomster som takk for kampen, forseinka bursdagsgratulasjon (han vart 80 år tidlegare i år) og for den langvarige innsatsen sin i STiL. Jentene på STIL og Breimsbygda gav Knut skryt: -Du er jammen sprek! Og Knut på si side rosa jentene for ein fairspela kamp. -Eg synest det er flott at de spelte ein så fair kamp utan stygge taklingar og med få frispark, sa den tidlegare lensmannen på Sandane.
Det er 66 år sidan Knut debuterte for Florø i A-lagssamanhang. Det var ein kamp mot Eid. -Eg hugsar ikkje så mykje frå den kampen, fortel Knut. -Det einaste som sit igjen er at eg fekk slått ein tunnell på Knut Osnes, smiler han. (Knut "Bossen" Osnes var den første spelaren frå Sogn og Fjordane som spela på det norske landslaget).
Og korleis det gjekk i kampen som Knut dømte?
Sandane - Breimsbygda 12-2.