Bli med på Fotballakademiet!
Forfatter: Svein Kristiansen
06. desember 2021
Jenter og gutar fødde i 2010, 2011 og 2012 kan no få ein teknikk-boost: Fotballakademiet startar opp på nyåret.
STIL Fotballakademi startar opp med følgande tilbod:
Akademi for jenter og gutar fødde i 2010, 2011 og 2012.
Oppstart: tirsdag 04.01.22 kl 1600-1700. Stad: Bane 2 og 3 i Trivselshallen, Sandane.
Akademia er «teknikkakademi»
Instruktørane er dyktige, unge idrettsinstruktørar frå Firda vidaregåande skule og STIL Fotball, rettleia av STIL Fotball.
Akademiet har totalt 40 plassar, og ein må melde seg på for heile akademiperioden, som vil gå frå tirsdag 04.01.2022 til og med tirsdag 08.03.2022 .
Akademiet er ope for alle, og plassane vert tildelt etter kvart som påmeldingane vert registrerte.
Bindande påmelding innan søndag 19.12.2021. Betaling online ved påmelding. Pris for deltaking: kr 500,-
Eventuelle spørsmål angåande akademiet kan stillast via epost eller tlf til leiar for aldersbestemt fotball, Egil Brekke. Tlf: 99699516. Epost: [email protected]
Link til påmelding: https://www.spoortz.no/event/stil_fotballakademi_2022_04012022