Nytt lagsapparat for herrelaget
Forfatter: Svein Kristiansen
18. januar 2022
Det er veldig kjekt å kunne informere om at klubben har landa eit spennande og godt lagsapparat til herrelaget.
Tekst og foto: Ingmar Sægrov
Magne Larsen som har hatt hovedansvaret dei siste åra ønskjer å prioritere jobb og familie framover. Stor takk til Larsen som har gjort ein god jobb i ein krevjande periode med blant anna pandemien. Laget avslutta sterkt med ein 2.plass forrige sesong.
Det nye lagsapparatet består av Simon André Gimmestad som hovedtrenar og Bjarte Skaaden som assistent. Odd Bjarte Tveit fortset som lagleiar.
Simon er ein ung trenar, men han har bygd seg opp ei solid erfaring med å spele seniorkampar sidan han var 15 år. Han har over 250 kampar for STIL og har dei siste åra stengt igjen målet for Eid Fotball. Simon har alltid vore treningsivrig og vist gode haldningar, og har vore eit naturleg kapteinsvalg både på Sandane og Eid. Han er ein god rollemodell som har hatt gode trenarar sålangt i karreria , no er han svært motivert for oppgåva som hovudtrenar. Simon melder samtidig overgang frå Eid til Sandane og dermed har laget to solide målvakter i Gimmestad og Sebastian Uribe.
Bjarte Skaaden har over 150 kamper for STIL og er son til STIL-legenda, Bjørn Atle Skaaden. Bjarte som er kjent for sin fine pasningsfot og blikk for spelet , har tidlegare spelt for Sandane, Djerv, Nordnes og Varegg. I Varegg var han også assistent under Hiep Tran, som har gjort stor suksess som trenar i Hordaland.
Simon og Bjarte har hatt fleire gode møter og det blir spennande å sjå dei på feltet. Dei har tydelege tankar på korleis dei ønskjer opplegget og ein del av innspela frå spelarevalueringa har også blitt lytta til. Det blir tøffare konkurranse om plassane på herrelaget og klubben melder også på eit STIL 2 i 6 div denne sesongen. Første uttaket til A-troppen blir i slutten av januar.
Vi ønskjer Simon, Bjarte og Odd Bjarne lykke til med sesongen.