Årets Fair Play-lag i STIL?
Forfatter: Svein Kristiansen
03. oktober 2022
No har du høve til å løfte fram det gode arbeidet som vert utført i ditt lag!
Vi oppmodar alle om å nominere laget du meiner fortener årets Fair Play-pris i STIL-fotballen. Frist for å melde inn din kandidat er mandag 10. oktober (Epost til svein@psykologi no). Trenarar, lagleiarar og foreldre kan melde inn!
Årets Fair Play-lag har trenarar, lagleiarar, foreldre og spelarar som saman og kvar for seg har bidratt til
- Å skape tryggleik for alle som spelar på laget
- Å skape rom for spelarar med ulike føresetnader og ulikt ferdigheitsnivå
- Å skape kampar som har ei god og trygg ramme, der alle tar ansvar for at kampen blir ei god oppleving for alle involverte. Ein har gjensidig respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum.
- Å løyse utfordringar som har oppstått på trening eller i kamp
Laget sine trenarar, spelarar og foreldre har bidrege til at alle skal få ein god og trygg fotballoppleving.
Årets Fair Play-lag har gjennom sesongen gjennomført tiltak som har hatt stor betydning for at alle skal ha ein god og trygg fotballkvardag.
Det er ikkje eit krav at alle ovannemnde moment skal vere oppfylt! Nytt høvet til å løfte fram det gode arbeidet som vert gjort i ditt lag!