Jentelaget fekk Fair Play-pris
Forfatter: Svein Kristiansen
27. september 2016
Høgtideleg og flott då Hans Petter Gilleshammer frå kretsen delte ut honnør og gåve til STILs J15-16.
Kampen mot Syril vart månadens Fair Play-kamp i kretsen.
Les meir om grunngjevinga her.
Og kampen? STIL yppa seg mot serieleiar Syril, og tok ei tidleg leiing ved Martine Jakobsen. Syril utlikna straks og gjekk etter litt opp i 2-1. Men Sandane, med fleire 14-åringar på laget, kom tilbake og det vart 2-2 då lagkaptein Martine Kvamme sette ei straffe sikkert i mål. Men etter kvart tok Syril over kommandoen, og det var ikkje noko å seie på seieren. Sluttresultat: 10-2.
Sandane stilte med følgande lag: Kristine Lothe Rustøen, Amalie Skeistrand Apalseth, Martine Jakobsen, Martine Kvamme, Mari Frøyen Rygg, Marte Skinlo, Julie Kandal, Kristine Skinlo, Jasmijn Koopmans, Mari Toen Nese, Mariann Endal Husevåg, Jenny Leirgul, Malene Myklebust Hauge, Benedikte Nygjerd Hauge, Sofie Sandene.