Gutelaget knuste Eid 2
Forfatter: Svein Kristiansen
27. august 2015
Sandane G15-16 opna haustsesongen med eit pang: Storseier over Eid 2.
Sandanegutane spela ein god kamp, og kun i periodar let dei Eid 2 kome inn i kampen. Det var skilnad på laga både individuelt og kollektivt. Sandane har ei rekke målskårarar, og måla kom på rekke og rad i denne kampen. Kristian Møll roa nervane med eit tidleg mål, Tarjei B. Vereide (3), Abraham Johnny, Eirik Rauset og Simen Grov Hoem skåra kvar sine mål.
-Vi spelte ein svært god kamp. I første omgang var vi veldig gode, etter ein litt famlande start. Vi fekk vist litt av det vi prøver på å få til i spelet vårt. I andre omgang vart det kanskje ikkje like høg intensitet i spelet. Vi fokuserte spesielt på formasjonane i det defensive spelet og det fungerte godt, seier Sandanetrenar Jan Ove Ødven i ein kommentar etter kampen. -Kjekt å halde fram den gode trenden frå vårsesongen, seier Ødven.
Sjå vår LIVE-rapport frå kampen for detaljar. Du finn LIVE-vinduet lenger nede her på fotballsida (høgre side).