Azeb vart Månadens Fair play-spelar
Forfatter: Svein Kristiansen
10. oktober 2021
Jentelagets (J15-17) Azeb Abrha Habte vart månadens Fair play-spelar for september. Trenarane for laget, Pål Sandal og Roger Hjelle, framhevar Azeb si positive innstilling til laget og treningsarbeidet.
Azeb kom til Noreg for 1 år og 8 månader sidan, og er såleis ganske ny både med den norske kulturen, fotballaget og fotballspelet. -Ho ivrar etter å lære nye ting og viser stor vilje i treningsarbeidet, fortel trenarane. Azeb er blant dei som har best treningsoppmøte og viser stor innsats både i kamp og treningssituasjon. Ho viser stor idrettsglede, både på eigne og laget sine vegner, heiter det i grunngjevinga for prisen.
Treningsrettleiar og medlem av Fair Play-utvalet i STIL, Margot Nesgård, sto for utdelinga av prisen som Månadens Fair Play-spelar. Dette skjedde i pausen under herrelagets kamp mot Florø 2 søndag ettermiddag.
Azeb fortel at fotball er ein veldig kjekk aktivitet. Dei har gode trenarar og dei har eit fint lag som ho trivest å vere saman med. I haust begynte ho som elev på idrettslina på Firda vidaregåande skule. -Det er fint, det er masse å lære og mange nye å bli kjent med, fortel ho. Ho spelar også handball i vinterhalvåret.
Azeb kjem opprinneleg frå Eritrea, og bur på Sandane saman med ein stor familie. Fleire av søskena hennar er med i STIL fotball.