[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Siste serierunde: Skavøypoll - Sandane

Forfatter: Svein Kristiansen

15. oktober 2015

Fotball
News article image

Sandane er på ein flott tredjeplass i 4. divisjon før siste serierunde, som vert spela søndag ettermiddag.

Men eit lite varsko: Tredjeplassen er ikkje sikra.  Frå STIL sine 35 poeng er det nemleg kun 2 poeng ned til sjuandeplassen i 4. divisjon. Der finn vi Høyang, med 33 poeng. Dei møter TMFK (34 poeng) i siste kamp. Ein annan tredjeplasskandidat, Sogndal 3, spelar mot heime mot Kaupanger, og kan med siger hamne på 37 poeng. Og for å gjere det heile komplett: STILs motstandar, Skavøypoll (33 poeng), tek meir enn gjerne høvet til å passere STIL på tabellen. Det gjer dei med seier.

Som vanleg denne sesongen må STiL unnvere fleire sentrale spelarar, anten pga skader, arbeid eller gule kort. Laget må såleis klare seg utan Andreas Bjørkum Vereide, Isak G. Solheim, Vegard Krøvel Flatjord og Jonas Løvland. Det er også usikkert om Ingebjørn Mundal kan spele. Håkon Schjølberg er frå før ute med langtidsskade. 

Men trenar Øyvind Hervik beroligar: vi har ein sterk 11-ar som reiser ut til Skavøypoll, og vi går sjølvsagt for å vinne og sikre tredjeplassen i serien. Sandane har tradisjonelt hatt store vanskar med Skavøypoll, men det siste året har STIL faktisk hatt eit overtak på raudtrøyene. Skavøypoll har imidlertid hatt ei sterk utvikling og teke mange poeng etter at dei innleia med svake resultat tidleg i sesongen. 

Kampen vert spela på Skavøypoll stadion søndag klokka 15:00. Etter mange år med svært dårleg kunstgrasmatte vart det lagt nytt dekke i 2014, og laga får no det beste underlag å boltre seg på. Vi ønsker våre menn lukke til!

Sjå tabell 4. divisjon.