Velkomen til oppstart av knøttefotball!
Forfatter: Gro Pleym Iversen
12. april 2022
STIL knøttefotball startar onsdag 20. april 2022
Vi gleder oss til å møte dykk!
STIL knøttefotball ønskjer jenter og gutar mellom seks og ni år velkomen til trening i Idrettsparken (kunstgrasbana - Nordåsen 1) onsdag 20. april 2022. Sjå treningstider under.
Facebook: Kvart lag har si eiga Facebook-gruppe. Foreldre til 2016-kullet kan søke opp «STIL Fotball J2016» / «STIL Fotball G2016» og bli medlem. For nye spelarar på andre årskull, ta kontakt med ein i knøttestyret for å bli lagt til i aktuelle grupper.
Knøttestyret 2022: Sondre Gjelsten (leiar) tlf. 97 10 35 48, Espen Bostad tlf. 95 85 03 47 , Håvard Sandal tlf. 99 36 23 74 og trenarveiledar Margot Meling Nesgård tlf. 40 08 81 43.
Økonomi: Borna betalar ei treningsavgift for å vere med på fotballtreningane. Meir om medlems- og treningsavgift
I STIL ønsker vi at alle barn og unge skal bli inkludert. Ein kan søke om heil eller delvis fritak av treningsavgifta. Meir om støtteordningar
Utstyr: Gode sko/fotballsko er lurt og ein må ha leggbeskyttarar. Ellers er det ikkje noko spesielt krav til utstyr for å vere med på fotballtrening.
Klubben kan også vere behjelpelig med kle og utstyr til dei som har behov for det. Ta kontakt med knøttestyret ved spørsmål kring dette. Ellers vil vi anbefale vår utstyrsleverandør Intersport Sandane. Medlemmar i STIL fotball får 20% på klubbutstyr og 15% på anna i butikken.
Dugnad: Knøttefotballen blir driven på dugnad, det vil sei at alle foreldre må rekne med å hjelpe til når det trengst. Nærare beskjed om dette får ein når det er aktuelt. Eksempelvis: lage mat, selje lodd, vere foreldrekontakt (lagleiar) eller vere vakt på turnering, hjelpe til med rydding osv.
Treningstider: