[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Vanskeleg bortekamp for Sandane

Forfatter: Svein Kristiansen

17. august 2015

Fotball
News article image

Førde 2 i Hafstadparken blir ingen lett match for Sandane.

Sandane 2 har hatt eit godt grep om Førde 2 på Idrettsplassen dei seinare åra, medan det har vore meir variabelt når laga møtest i Førde. Heimelaget har hatt fleire gode sesongar no og spelar sjeldan dårlege kampar. Førde 2 har ein fin stamme av unge spelarar. Kikkar ein på kven som sat på benken då Førde i går slo Rødde 2-1 i 2. divisjon, ser vi at der er fleire gamle kjenningar som heilt sikkert er aktuelle for spel i kveld: Eirik Flatjord, Vegard Savland, Daniel Kvalvågnes, Fredrik Hanssen, Sondre Sandvoll, Svenn Ove Gjøringbø, Kristoffer Angedal, Vegard Steen Eikeland, Oskar Roti.

Sandane-trenar Øyvind Hervik har nominert ei fyldig tropp til oppgjeret: Simon Gimmestad, Arne Nybø Gangeskar, Sebastian Haugen, Sebastian Bujnicki, Vegard Krøvel Flatjord, Martin Svarstad, Eirik Rauset, Torbjørn Gran, Isak Gangeskar Solheim, Tarjei Bjørkum Vereide, Ingebjørn Mundal, Andreas Bjørkum Vereide, Kristian Møll, Ole Andre Aa, Jonas Denk, Jonas Løvland, Thomas Dyrrdal og Håkon Schjølberg.