[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Svein Kristiansen takkar for seg i STIL

Forfatter: Gro Pleym Iversen

26. mars 2023

Fotball
Barneidrett
Friidrett
Svømming
Trimgruppe
Håndball
Gymnastikk og breddeaktivitet
News article image

Sjølv om det av og til har gått med mykje tid, har eg og fått mykje igjen for å vere med!

SVEIN KRISTIANSEN TAKKAR FOR SEG I STIL

Av Bjarte Gangeskar

Svein Kristiansen har bestemt seg for at no er det nok. No må andre krefter få sleppe til og vere med å drifte laget vidare. Svein har hatt mange roller i idrettslaget – både i fotballgruppa og i hovudlaget. Rollene har vore so mange og over ein så lang tidsperiode at ikkje alle kan nemnast her. Jobben han har lagt ned er ikkje mogleg å talfeste i timar. Men, vi snakkar om samla sett mange årsverk over ein tidsperiode frå slutten av 1980-talet og heilt fram til dags dato. Etter fotballgruppa sitt årsmøte i byrjinga av mars har han sagt i frå om at det slutt.

Det du kanskje ikkje visste om Svein er at han og har bort i mot ein uslåeleg rekord som fotballspelar. Han har nemleg aldri vore med og tapt ein fotballkamp. No har han riktig nok heller ikkje så veldig mange kampar å skilte med. For å vere heilt presis, vi snakkar om to kampar på 11-ar bane tilbake i 1968 då han var 11-12 år gamal. Svein budde i Førde og vart med ein gjeng til Høyanger for å spele kamp. Resultatet vart 0-0 og då måtte det sjølvsagt bli returkamp i Førde. Den vant Svein og lagkompisane med 2-0.Av ein eller annan ukjent grunn vart det med dei to kampane. Likskapen då og no er kanskje at Svein Kristiansen veit å gje seg på topp?

Det var med andre ord ikkje skrive i stjernene når Svein rusla av grusbana i Førde at STIL knappe 20 år seinare skulle få ei eldsjel av dei sjeldne i sine rekker.For her er litt av dei rollene han har hatt i STIL fotball: Trenar for knøtt- og barnefotball i 7 år, medhjelpar for roselaget, webansvarleg og ansvar for STIL si heimeside sidan 2007, medlem og leiar i sportsleg utval, utdanningsansvarleg, fair-play ansvarleg, styremedlem og to periodar som nestleiar. Som om ikkje engasjementet i fotballgruppa har vore nok; han har og ein periode som nestleiar og to periodar som leiar for hovudlaget.

Svein kom til Sandane i 1984 og vart på slutten 80-talet spurt om han kunne ta på seg eit verv i klubben. I denne perioden skreiv han litt frilans for «Førde Firda» og hadde blitt litt kjent med idrettsmiljøet på Sandane gjennom denne rolla. Truleg var dette meir utslagsgjevande for spørsmålet, enn dei to nemnte fotballkampane frå 1968.

Dette vart starten på eit langvarig engasjement. Riktig nok med eit par korte kvileskjær innimellom. Etter kvart som borna vart store og ville vere med i fotballen, vart det og naturleg for han å følgje dei opp med å bli med som trenar. Svein mimrar frå den tida og seier at han kjente seg litt åleine og ikkje heilt fotballfagleg oppdatert som foreldretrenar. På dette området har STIL-fotball teke kvantesprang og har no eit godt apparat rundt dei ulike laga, seier han.

Den avtroppande nestleiaren i fotballgruppa har mange lovord å sei om noverande styre og tillitsmannsapparat. Gro Pleym Iversen har på rekordtid tatt STIL fotball til eit heilt nytt nivå. Det gledar meg stort og eg støttar grepa som no vert tatt hundre prosent. Det vil sikre laget vårt ei god framtid, seier han. I tillegg til det organisatoriske og strategiske vert det jobba godt og målretta både med den sportslege og den sosiale delen. Alle desse elementa er viktig for ein klubb som tek mål av seg til å vere ein samfunnsaktør.

Han trekkjer og fram den tida han jobba i lag med Sjur Gimmestad, både i fotballgruppa og i hovudlaget. Sjur var ei drivkraft som gjekk i bresjen både for utvikling av anlegg og auka aktivitet, og alltid med eit smil om munnen. Klubben var den første i fylket som vart sertifisert som kvalitetsklubb. For det arbeidet som vart lagt ned i denne perioden fekk STIL fotball bronsjemedalje som UEFA Grassrootklubb 2015. Dette er noko han er stolt over å ha vore med på. Og ikkje minst er han nøgd med at det gode grunnlaget som vart lagt på denne tida, ser ut til å bli forvalta godt av noverande leiing og styre.

Svein Kristiansen er ikkje av dei som stikk seg fram og skryt høglydt over det arbeidet han har lagt ned. Han er raus med å trekkje fram lagspelet og alle dei som engasjerer seg i STIL. Han er klokkeklar på at sjølv om det av og til har gått med mykje tid, har han og fått mykje igjen for å vere med. Å bli kjent med folk og kjensla av å bidra og å bli verdsett for det arbeidet ein gjer, er sjølve grunnmuren i det å delta i frivillig arbeid.

Kva så med interessa og engasjementet for sjølve fotballspelet, har det endra seg sidan han fekk to 11-ar kampar for smågutane til Førde tilbake i 1968? Fotballinteressa var ikkje sterkare enn at han alltid sovna framfor fjernsynet under tippekampen på 70- og 80-talet. Men, også denne har fått litt meir kveik etter åra i STIL. Kanskje er det den populære «live-dekninga» av STIL sine kampar som har auka både interessa og kunnskapen. Han og nemnte Sjur Gimmestad fant faktisk tid til å drive med slikt, både på heime- og bortekampar,innimellom anleggsbygging og anna som må til for å drive ein klubb.

Med den tida han har brukt på frivillig arbeid i STIL, er det naturleg å spørje om kva han skal fylle dagane med no framover? Han peikar då på ei bokhylle med bøker som skal lesast. Hytta i Sunnfjord skal brukast enno flittigare og så har han ambisjonar om å få tatt igjen litt arbeid rundt huset. Og ikkje minst, det skal reisast litt meir.

STIL og STIL fotball kjem heilt sikkert til å klare seg bra, sjølv om Svein Kristiansen ikkje blir fast på laget framover. Likevel klarer eg ikkje å sjå heilt vekk frå at historia frå Førde i 1968 kan komme til å gjenta seg – at han blir med på ein kamp eller to dersom nokon treng han. Han kjem til å bli teken i mot med opne armar.

Noko anna kan ein jo ikkje gjer med ein kar som aldri tapar ein fotballkamp.


(Takk til Bjarte som på oppdrag fra STIL Fotball har gjort intervjuet med Svein. Takk også til FIRDA TIDEND som ønsket å trykke intervjuet - og selvsagt en stor TAKK til Svein!)

Bilder av Sjur Gimmestad og haugenfotball.no