Supersommar: Gratis tilbod kvar laurdag gjennom heile sommarferien!
Forfatter: Svein Kristiansen
20. juni 2021
STIL Fotball tilbyr SUPERSOMMAR, eit gratis fotballtilbod for barn og unge i Gloppen.
Kvar laurdag i sommarferien mellom kl.10.00 – 12.00 kan barn og unge mellom 7 og 17 år møte opp i Idrettparken, der står det flinke ungdommar klare til å tilrettelegge for gode opplevingar. Det blir ikkje organisert på same måten som ei tradisjonell fotballtrening, men tanken er å ta « løkka tilbake» med mykje leikprega fotballaktivitet. Her blir det mykje småbanespel, og stasjonar der ein kan få testa presisjon. Dei som er litt eldre kan få måle skothastighet og prøve seg på fotball-tennis.
Det blir lagt opp til mykje leik og spel der fokuset er på trivsel og å spele fotball i lag på tvers av alder og kjønn, og det er ikkje noko krav til medlemskap i klubben.
Supersommar har blitt til med god hjelp av Gjensidigestiftelsen, som har bevilga ein større sum til tilbodet.
Kino
Laurdag 10 juli blir det delt ut gratis kinobillettar til filmen Bortebanen, dette for å få fleire sosiale møtepunkt gjennom ferien der borna mest truleg er heime store deler av ferien og kanskje har eit begrensa fritidstilbod. Her blir det ei framvising kl 15.00 og ei kl 17.00.
Vinn-vinn situasjon
For klubben er dette ein vinn-vinn situasjon, vi tilbyr eit fotballtilbod gjennom heile ferien for barn og ungdom. Samtidig får ungdom i 17-18 års alderen ein artig og lærerik sommarjobb. I tillegg får instruktørane ei trenarutdanning i regi av fotballkretsen.