[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Gratis prøvedag med Enivest IFO!

Forfatter: Maria Karin Dalsbø

09. juni 2025

Fotball
Barneidrett
Friidrett
Svømming
Trimgruppe
Håndball
Gymnastikk og breddeaktivitet
Forside
News article image

Denne prøvedagen gir barn og foreldre moglegheit til å teste ut korleis ein dag på Enivest IFO ser ut, og om dette er noko for dei.

Onsdag 11. juni kl. 14:00–16:30 

Custom image

Foto: Firda Tidend


Har du barn i 2.–4. klasse no, som blir 3.–5. klasse neste skuleår (2025/2026)? Då kan dei no prøve ut  Enivest Idrettsfritidsordning (IFO) heilt gratis! Eit nytt og unikt tilbod etter skuletid med ekstra fokus på leik, idrettsglede og fellesskap. 

  • Dato: Onsdag 11. juni 
  • Tid: 14:00–16:30 
  • For kven: Barn som no går i 2.–4. klasse (blir 3.–5. klasse neste skuleår) 
  • Stad: Oppmøte ved Sandane skule – instruktørar frå Firda VGS følger barna til STIL-stova 
  • Det blir organisert transport frå Nordstranda skule til STIL-stova. 


 Dagsplan for prøvedagen 

14:00 – Oppmøte ved Sandane skule 
14:30 – Felles måltid i STIL-stova 
15:00 – Leik og aktivitet i Trivselshallen 
16:15 – Frukt og henting 

 

Kvifor ein prøvedag? 
Enivest IFO opnar i august og skal vere ein trygg og inkluderande arena for barn som vil vere i aktivitet etter skuletid. Prøvedagen gir eit innblikk i korleis ein vanleg dag ser ut – med leik, variasjon og idrettsglede i sentrum. 

 

Ta med treningsklede, innesko og godt humør! 


Les og sjå meir om Enivest IFO her

Ved spørsmål ta kontakt med leiar Enivest IFO, Jonas Denk; [email protected]


Custom image

Foto: Firda Tidend