[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

TINE Fotballskule 20.- 23. juni 2022

Forfatter: Gro Pleym Iversen

19. mai 2022

Fotball
News article image

I veka etter skuleslutt arrangerer Sandane fotball fotballskule for jenter og gutar født 2010-2015

Velkomen til TINE Fotballskule 20. juni – 23. juni 2022 i Sandane Idrettspark!

Pris per barn: kr. 750.-

Berre 1 deltakar per registrering. Registreringa startar 20. mai 2022 kl. 17.

Alle deltakarane får TINE Fotballskule t-skjorte i teknisk materiale og sekk med fotballnett første dag. På siste dag får alle diplom.

Påmeldinga er bindande, og påmeldingsfristen er 15. juni 2022.

Innhald: Oppmøte måndag kl. 09:30 for registrering. Oppmøte tysdag, onsdag og torsdag kl. 09:45. Trening kl. 10:00 – 11:30. Lunsj kl. 11:30 - 12:15. Trening kl. 12.30 – 14:00. Fotballskulen vert avslutta kl. 14:15 kvar dag.

Fotballskulen er for jenter og gutar frå 7-12 år (født 2010-2015), og vert delt inn i reine jente- og guttegruppe så langt det lar seg gjennomføre.

Alle må ta med eigen matpakke og drikkeflaske (merk denne med namn). Det vert servert frukt og sjokomelk. Hugs å ete ein god frukost!

Instruktørar for fotballskulen vil i hovudsak bestå av spelarar frå seniorlaga og assistentar blir gutar og jenter på 15 år. Vi skal lære mykje, men vi skal også ha det gøy!

Ver: Kle deg etter veret og ha med tørre og varme klede dersom det vert vått og kaldt, og hugs solkrem ved varmt og fint ver!

Merk: Vi tek omsyn til gjeldande smittevernreglar og ber om at barnet blir heime ved sjukdom. Dersom det blir særlege utfordringar med barnet, vil vi kontakte føresette for ev. henting.

For spørsmål angåande påmelding, ta kontakt med Egil Brekke, tlf. 99 69 95 16

Kampanjekode: Sandane fotball ønsker ikkje å ekskludere barn grunna økonomiske forhold. Ta kontakt med oss på [email protected] med grunngitt årsak, så vil vi vurdere tilgang til kampanjekode for økonomisk støtte til deltaking på TINE Fotballskule. Dette gjeld eit avgrensa antal plassar, og er primært for barn opp til 4. klasse.

REGISTRERING