Sunneva Julia Løken fyller år
Forfatter: Svein Kristiansen
29. juli 2016
Æresmedlem i STIL, Sunneva Julia Løken, fyller 90 år laurdag 30. juli. Løken har ei heilt særskilt idrettskarriere som fortener beundring og - frå STIL si side - stor takk. I år 2000 vart hennar frivillige innsats som turninstruktør gjennom 41 år summert: 8000 timar (= 5 årsverk). Og tru ikkje at ho gav seg med det - Synna var aktiv veteranturninstruktør langt inn på 2000-talet.
Sunneva Løken byrja si aktive idrettskarriere i heimbygda Nordfjordeid, og var aktiv i Eid idrettslag innan både turn, handball og ski. Ho var aktiv handballspelar for Idrettslaget Bjørnar i Indre Arna(1949/50 - 1954). Og idretten sto sentralt også dei åra ho budde i Brønnøysund og Stryn, før ho i mars 1957 flytte til Sandane med familien.
Etter dette var det Sandane Turn og Idrettslag som var klubben hennar. Ho deltok som aktiv i turn, handball og alpint, og vart etter kvart også instruktør i laget. Ho fekk også styreverv i ulike idrettar i Idrettskrinsen. Ho hadde si store interesse for idrett både som fag i skulen og som fritidsaktivitet, og har også utdanning frå Norges Idrettshøgskule.
Sunneva Løken har ei rekke krinsmeistertitlar i slalåm frå åra 1960-64. Ho vann storslalåm i 1959 og 1962.
Sunneva Løken var ein sentral spelar på STIL sitt handballag frå 1957 og i mange år framover. Saman med Maria Skaaden og Synna Skogen (no Balevik) spelte ho på krinslaget til Sogn og Fjordane.
Før Firdahallen opna i 1965 heldt ho utandørs symjekurs i Selvågane og i Hyen om somrane (brrrr), og mange glopparar har henne å takke for at dei lærte å symje.
Sunneva Løken la ned ein omfattande innsats i turngruppa i STIL. Hennar voldsomme energi og overskot har vore heilt eineståande i idrettslaget. I 1988 starta ho opp Mix Veterantroppa som gjorde furore både nasjonalt og internasjonalt, og som mange vil ha sett glimt av (film) under STILs årsfest. Dugnadsinnsatsen hennar vart i 2000 oppsummert til 8000 timar, dvs fem årsverk.
Søndag vert Sunniva Løken feira av familie og idrettslag under eit arrangement i STIL-stova.
Vi takkar for den store innsatsen, og gratulerer med dagen!