[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Takk frå GFIL

Forfatter: Svein Kristiansen

23. september 2015

Friidrett
News article image

- Junior-NM vart ein suksess, og vi vil takke for eit fantastisk samarbeid med våre støttespelarar, skriv GFIL i eit brev til blant andre STIL.

Etter lang tids førebuing var det godt å kome i gang med meisterskapen i august. -Byrkjelo stadion synte seg fram frå si beste side denne helga. Eit flott anlegg som var strigla til noregs fremste friidretsjuniorar. Eit framifrå funksjonærkorps under leiing av Knut Lunde og ein uvurderleg Jørund Årdal i "hjartet" av arrangementet., heiter det i helsinga frå GFIL. 

Den aktive friidretten i Gloppen er ein motor i idrettsarbeidet i kommunen og fylket. Med årlege resultat på nasjonalt toppnivå og internasjonal deltaking i JrEM og Nordisk, samt medalje i Nordisk jr mesterskap er vi blant dei fremste friidrettsmiljøa i landet, skriv GFIL. 

For å greie dette må GFIL ha ein miljøprofil som inviterer alle på store fellestreningar. Spesielt i vinterhalvåret er dette viktig for å stimulere til rekruttering som kan bli vidareført utover vår og sommar. Samtrening med andre idrettar er også eit viktig moment for å lukkast. Treningsmodellen har fungert i 25 år og er framleis like aktuell.