[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Fjøra klar for 3. divisjon

Forfatter: Svein Kristiansen

18. september 2015

Fotball
News article image

Fjøra vann fredag kveld 4-0 over Sandane og sikra med det opprykk til 3. divisjon, ein månad før sesongen er over. -Vi gratulerer Fjøra med opprykket og ein fortent siger mot STIL, seier Sandanetrenar Øyvind Hervik.

Fjøra var det førande laget i første omgang og leia fortent 1-0 til pause. Sogningane fekk to kjappe mål tidleg i andre omgang, og spaninga i kampen vart med det vesentleg redusert. Sandane hadde fleire sjansar til å redusere, men lukkast ikkje. I staden fastsette Per Eirik Lunde sluttresultatet til 4-0. Fjøra synte seg som eit betre lag enn Sandane, og høyrer heime ein divisjon over.

-Fjøra var eit godt lag, fysisk sterkt og med stor rørsle. Sjølv om vi spelte oss til nokre sjansar, må vi konstatere at Fjøra var eit hakk for gode for oss i dag, seier Øyvind Hervik.