Nabo-oppgjøret mellom Sandane og Eid enda uavgjort
Forfatter: Gro Pleym Iversen
08. oktober 2023
Ein opptur for gjengen som har hatt to tøffe helger på rad
Kampen mellom Sandane og Eid 07.10.2023 enda uavgjort 3-3 (2-1).
Før kampen var det klart at Eid lå greit til på tabellen med 41 poeng og tredje plass. STIL var litt meir utsatt. Dei hadde 19 poeng og åttande plass. Med tre kampar igjen var plassen for spill i Kretsligaen neste år foreløpig ikkje sikra. Det lå an til eit spennende oppgjør.
Kampen vart både spennenda og jevn. Trenarteamet til Sandane (Bjarte og Simon) seier følgjande etter kampen: Vi får med oss eit viktig poeng der vi klare å kome tilbake etter å ha ligget under to gongar. Tidvis spelar vi fin fotball med høg intensitet og pressar Eid til å gjere feil på eigen halvdel.
Ein opptur for gjengen som har hatt to tøffe helgar på rad.
Dagens STIL spelar var Erlende Hetle. Vi må også nemne Hallvard Bjotveit med hattrick (mål etter 33 min, 45 min og 89 min).
Takk til dagens dommar trio:
Dommer: Rune Hunderi (IL Jotun)
Ass.dommer 1: Ruben Petersen Heggen (Heia IL)
Ass.dommer 2: Andreas Flatane (Sogndal IL)
Referat frå kampen finn de på https://www.firda.no/fotball/live/
Foto: Stig Høynes