[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

God kamp, men det vart nederlag mot Stryn

Forfatter: Svein Kristiansen

17. oktober 2022

Fotball
News article image

Sandane er i fornying med mange unge spelarar. Kveldens kamp mot Stryn lovar svært godt for framtida: Det vart ein fartsfylt og god kamp. I grunnen var det berre måla som mangla.

Sandane – Stryn 0-2 (0-1)

3. divisjon damer avd 1 haust

0-1 Emma Dorthea Lødemel (32. min)

0-2 Malin Eikenes Tjellaug (90. min)

Sandane: Kristina Hjelle, Marie Ravnestad Mykland, Martine Kvamme, Alva Johanna Heggdal-Verlo, Borgny Kristin Hetle, June Elvebakk Engeset, Helene Klakegg, Sofie Borge Tilrem, Kristine Lothe Rustøen, Karoline Hjelle, Regine Aa Sandal, Ina Drageset Nes, Andrea Årheim Bakkebø, Torine Langeteig, Thea Flatjord Sunde.

Stryn: Mia Kristiansen, Hanna Tenden, Inger Hjelmeset, Victoria Bøe Fotland, Hanna Severine Opsahl Haugen, Sofie Njøten, Hege-Renate Glosvik Espeland, Marita Berge, Malin Eikenes Tjallaug, Crisine Indrebø Turøy, Emma Dorthea Lødemel, Oda Svarstad Hole, Oline Sæbø, Veslemøy Tilde Belden, Ulen, Anja Bertine Tomasgård, Selma Guddal Breivik, Selma Eiknes Isehaug, Tuva Fredheim.

Sandane og Stryn har kjempa ei rekke durabelege oppgjer denne sesongen. I den siste heimekampen for sesongen var det lenge jamspela mellom dei to laga, men det var gjestene som var dyktigst framfor mål. Det eine målet til Emma Dorthea Lødemel sto seg til kampen var på overtid i andre omgang, då fekk Stryn sitt andre mål.

Sandane leverte ein gnistrande andreomgang, og Stryn strevde verkeleg med å kome over midtstreken ein lang periode. Det var i grunnen berre målet som mangla, og ofte var det den siste, gode pasninga som vart litt upresis. Eller kanskje kunne ein trengt litt meir tur ved nokre høve. -Det var små marginar som avgjorde denne kampen, og vi hadde ikkje hellet med oss i viktige situasjonar, seier Sandanetrenar Jan Asle Rustøen. Han sakna fleire av Sandane sine faste spelarar, men kunne konstatere at laget hans spelte ein god kamp. -Vi klarte å bevare roen i dag, og fekk til mykje bra spel. Alle Sandanespelarane fekk speletid i løpet av kampen. -Alle gjer det bra, seier Rustøen.

Sandane spelte utan fleire av sine faste spelarar. Både Sara Lothe Rustøen, Katrine Bruland og fleire var ikkje tilgjengelege til kampen.

Dagens STIL-spelar: Marie Ravnestad Mykland, solid forsvarsspel i sin sjette kamp for Sandane sitt A-lag!

Firda Live frå kampen