STIL - ein trafikksikker klubb!
Forfatter: Svein Kristiansen
29. mai 2016
Fotballgruppa i STIL tok avgjerda i byrjinga av mai, og alt i dag vart klubben akkreditert som Trafikksikker klubb av Fotballkretsen. Det skjedde i pausen under Sogndal sin heimekamp mot Lillestrøm søndag ettermiddag.
-Vi har enormt mange reisande lag i klubben, og vi har lenge ønskt å arbeide meir systematisk med trafikktryggleikstiltak, seier fotballeiar Sjur Gimmestad. Når Trygg Trafikk og fotballkretsen tidlegare i år inviterte kvalitetsklubbane til å sette dette temaet på dagsorden, har vegen ikkje vore lang til handling. Fotballformannen var sjølv i Sogndal søndag for å presentere STIL sine grep for å auke trafikktryggleiken i klubben.
Trafikktryggleik er eit kontinuerleg arbeidsfelt, men STILs medlemmer vil på forskjellige måtar merke at klubben har fokus på trafikkatferd. Det gjeld både sjåførar og dei som sit på.
Klubben vil også fokusere på trafikktryggleik for alle som skal til og frå trening. - Vi håpar å bevisstgjere alle i fotballgruppa, både spelarar, trenarar, oppmenn og foreldre. Vi vil ferdast trygt i trafikken! seier fotballsjefen vår.
Du vil kunne lese meir om STIL Fotballs trafikktryggleikstiltak her på heimesida etterkvart. Sjå også under menypunktet Trafikktryggleik.