Enivest IFO
Sandane fotball i 100 år
Forfatter: Svein Kristiansen
30. november 2023
Fotball
Fotballen på Sandane feirar 100 år! Vi har granska skriftene og i ulike framstillingar av fotball-historia på Sandane er 1923 sett som start-året for Sandane fotball-lag. Det vil vi markere med eit lite innlegg kvar dag fram til jul.
Det er Jan Nik. Hansen og Svein Kristiansen som har gått igjennom 100 år med Sandanefotball, og som vil presentere smakebitar i dagane framover.
Hovudkjelde vil vere jubileumsboka «Hundre år med STIL» av Ove Eide supplert med opplysningar og forteljingar frå andre kjelder.