Enivest IFO
Nettsus på Idrettsplassen
Forfatter: Svein Kristiansen
05. mai 2021
Fotball
Så er fotballsesongen endeleg sparka i gang.
Sandane sine G11-lag starta seriespelet onsdag kveld, og dei to laga, Sandane 1 og Sandane 2, leverte ein fin kamp på litt uvant underlag (naturgras).
Sebastian Bujnicki og Per Egil Eimhjellen er trenarar for 11-årsgutane, og kan vere nøgde med elevane sine sesongdebut.