[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Dale - Sandane 2-1

Forfatter: Svein Kristiansen

10. september 2016

Fotball
News article image

Etter 1-1 til pause var STIL godt med på Dingemoen, men ein god andreomgang gav likevel ikkje poeng for sandensaraene.

Dale - Sandane 2-1 (1-1)

Dingemoen stadion

Sandane hadde to hundreprosentsjansar i første omgang, men det var Dale som kom til første skåring på eit flott skot frå V. Dyrstad. Sandane utlikna straks etter slik at laga gjekk til pause med 1-1. -Dale var det førande laget i første omgang, fortel STIL-trenar Øyvind Hervik. 

Sandane spela ein god andreomgang, og det var meir trøkk i spelet. -Det var bra fram til 80. minutt. Etter at Dale fekk 2-1, hadde Sandane også ein stor sjanse på overtid, men ballen vart nikka til sides for mål -Det er god læring for våre unge spelarar, seier Hervik. Han framhevar midtstopparparet Espen Fonn Sårheim og Magnus N Bolset, som spelte ein god kamp i Martin Svarstad og Håkon Schjølberg sitt fråver. -Willilam Landøy spelte ein stor kamp for oss, og i andre omgang spelte Jonas Denk seg glimrande opp, seier Øyvind Hervik. 

Firda-live frå kampen.