[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Breimsbygda triumferte

Forfatter: Svein Kristiansen

26. mai 2015

Fotball
News article image

Smartast og sterkast då dei slo Sandane 2.

Kampfakta:

Breimsbygda - Sandane 2  3-0 (2-0)

6. divisjon avd 2

Reed stadion

1-0 (10. min) Kjetil Løkke Vie

2-0 (39. min) Leif Øystein Felde

3-0 (87. min) Nils Thommas Volle Støyva

Dommar: Sureskumar Kathiravel, Eid

Gule kort: Jon Vegard Byrkjedal, Sandane 2. Nils Thommas Volle Støyva, Ole Martin Egge, + 2 til fra Breimsbygda (draktnummer stemmer ikkje med innmeldt lag i FIKS).

Breimsbygda: Stian Hjelle, Ole Martin Egge, Leif Øystein Felde, Stig-Håvard Aspheim, Raymond Niiranen, Stian Kvellestad, Nils Thommas Volle Støyva, Bjørn-Inge Flølo Kleppe, Kjetil Løkke Vie, Andreas Hetle, Tormund Årdal, John Åge Strand, Odd-Stian Reed, Edvin Fonn Sårheim

Sandane: Arne Nybø Gangeskar, Sander Elvebakk Nesdal, Kristoffer Kaale, Kyrre Vereide Kroken, Torbjørn Teigen Gran, Øystein Tennebø Fure, Marius Moritsgård, Egil Brekke, Bjarte Leite Kalvøy, Andreas Dyrrdal, William Landøy, Hussain Mohammadi, Jon Vegard Kristiansen Byrkjedal, Tarjei Bjørkum Vereide, Håvard Kjønås, Sebastian Haugen.

Breimsbygda sin seier var aldri ordentleg trua, trass i at Sandane var det spelemessig førande laget i store delar av kampen. Best var STIL når dei fekk tempo i eige spel, men dessverre såg vi stadig tendensar til å falle ned på motstandaren sitt meir rolege tempo.

Playmaker Kjetil Løkke Vie gav heimelaget 1-0 på ein utsøkt lobb etter 10 minutts spel. Sidan var det Sandane 2 som viste mykje greitt spel fram til Breimsbygdas 16 meter. Derfra inn er som kjent ein ikkje uvesentleg del av fotballspelet, og der var Sandane 2 svake i denne kampen.

2-0 kom då Leif Øystein Felde sende ein corner direkte i mål, og fleire i blått kjem til å drøyme om den ballen i natt.

Dermed greitt kva som var oppgåva i andre omgang: Breimsbygda kunne satse på å finpusse forsvarsspelet sitt, Sandane 2 måtte angripe.

Det gjorde Sandane 2 etter beste evne, og ei redusering hadde nok betydd mykje i denne fasen av kampen. STIL 2 spelte seg fram til mange cornerar utan at det vart særleg med avslutningar mellom stengene. Hussain M gjorde ein fin jobb då han kom inn og fekk ved to  høve lagt pent ut i feltet, der avslutningane dessverre for STIL 2 ikkje vart presise nok. Vi noterte også eit par gode langskotforsøk, men rett på målvakt Stian Hjelle.

Trass i eit godt STIL-press, vart det såleis smått med avslutningar som verkeleg kunne sett Hjelle på prøve. Han hadde to hardt arbeidande forsvarsrekker framfor seg, som skal ha ros for å halde formasjon og arbeidsmoral oppe til siste slutt.

Breimsbygda kom til nokre få avslutningar som fort kunne gitt auka leiing. Arne Nybø Gangeskar hadde fleire gode involveringar, ikkje minst då Løkke Vie kom åleine mot mål.

Fjorårets 5. divisjonslag framsto som eit ordinært lag reint spelemessig, men taktikken med å ligge kompakt bak og slå raskt fram når høvet baud seg heldt i massevis mot eit Sandane 2. Kjetil Løkke Vie viste like før slutt fram vinnarinstinktet sitt då han forfølgte ein ball som alle andre på bana vurderte som "håpløs". Han la fint inn til ein ventande Nils Thommas Støyva . Dermed 3-0 og ein fin seier for vertane.