[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane - Førde 2

Forfatter: Svein Kristiansen

19. juni 2016

Fotball
News article image

Sandane måtte tole eit tomålstap mot Førde 2.

Sandane - Førde 2

4. divisjon

Idrettsplassen

Dommar: Erlend Nondal Lereim, Kaupanger IL

0-1 (33. min) Kristian Hauståker

0-2 (48. min) Fredrick Rørstadbotnen

Sandane: Simon Gimmestad, William Landy, Håkon Schjølber, Martin Svarstad, Kyrre Vereide Kroken, Petja Cink, Eirik Rauset, Arne Morten Vilnes Øen, Anders Frøyen, Gudmund Bjotveit, Sebastian Haugen. Reservar: Arne Nybø Gangeskar, Espen Reed Lothe, Ruben Elvebakk Nesdal, Abraham Johnny.

Førde 2:  Kristoffer Hanssen, Martin Dvergsdal. Elias Rognebakke, Elias Øvretveit Larsen, Kristian Hauståker, Brage Sandvoll, Øystein Riksheim Østvik, Fredrick Rørstadbotnen, Kristoffer Angedal Mathias Sagevik, Markus Attilla Mark. Reservar: Ørjan Vikum, Marius Storevik, Bjørnar Skildheim, Runar H. Vikum.

Førde 2 tok med seg alle poenga i ein kamp der gjestene totalt sett var litt betre enn STIL. Sandane hadde ein ball i mål i første omgang, men skåringa vart ikkje godkjent. Einaste skåring var Kristian Hauståker si nydelege skåring då han upressa fekk plassere ballen i lengste kryss. Første omgang var relativt jamspela.

I andre omgang kom Sandane godt i gang, og det var ein kalddusj då Førde 2 gjekk opp til 2-0 i sitt første angrep. Sandane hadde ein stor sjanse til å redusere då Sebastian Haugen kom åleine mot mål, utan å overliste Førde 2s gode målvakt, Kristoffer Hanssen.  Førde 2 hadde eit overtak spelemessig i andre omgang, og seieren må seiast å vere fortent, med Martin Dvergsdal og Kristoffer Angedal som sentrale aktørar. 

Eit jamt Sandanelag kan vere bekjent av innsatsen. Vi ser at STIL-spelarane gjer manns jobb med tunge løp og vilje til å gå i duellane. I det offensive luggar det framleis litt, men i dag kunne det fort blitt eit mål eller to.