Berent Sandene er avliden
Forfatter: Svein Kristiansen
16. juli 2016
Æresmedlem i STIL, Berent Sandene, døydde denne veka, 93 år gamal. Med Berent har STIL misst ein av sine mest trugne og ihuga medlemmer. Berent var aktiv i STIL gjennom praktisk tala heile livet, både som utøvar, trenar og leiar.
Berent byrja tidleg med trening, og vart etterkvart svært interessert i turnsporten.
Han var ivrig deltakar på terrengstafettane, og var på fotballaget til Sandane frå 1945 og mange år framover. Svømming og stuping vart ei stor interesse, og han er krinsmeister i stup. -Ikkje alle som våga seg opp på 13-14 meteren i Selvågane, fortalde Berent då han feira 90-årsdagen sin i STIL-stova i 2013..
Berent var aktiv trenar i laget og tok også på seg sentrale styreverv. Han var leiar i turngruppa ei fleire periodar. Han leia hovudlaget frå 1971-75.
Idretten og ikkje minst Sandane Turn og Idrettslag sto Berent sitt hjarte nær. Dette la han aldri skjul på, og han var ein aktiv og positiv støttespelar for oss som dei seinare åra har hatt leiande verv i idrettslaget.
Vi lyser fred over Berent Sandene sitt minne.
Då Berent fylt 90 år vart han feira av familie, vener og STIL under eit arrangement i STIL-stova. Her held æresmedlem i STIL, Ragna Halvorsen (f. 1919) tale. Ho fortalde om korleis ho vart kjend med Berent då ho kom til bygda. Dei hadde eit langvarig og nært samarbeid i turngruppa i STIL.