Haugen vart for sterke
Forfatter: Svein Kristiansen
25. august 2015
Sandane 2 knallopna og gjekk opp i leiing etter 1 minutt av kampen, men det vart Haugen som drog det lengste strået i 6. divisjon tysdag kveld.
Haugen - Sandane 2 8-2 (4-1)
6. divisjon avd 2
Klenkarberget Stadion
0-1 (1. min) Sverre Løken
1-1 (11. min9
2-1 (26. min) straffe
3-1 (42. min)
4-1 (45. min)
4-2 (46. min) Kristian Møll
5-2 (47. min) Ronny Berg
6-2 (58. min)
7-2 (90. min)
8-2 (90 min. +)
Sandane 2: Arne Nybø Gangeskar, Kyrre V. Kroken, Ruben E. Nesbakk, Torbjørn T. Gran, Øystein Tennebø Fure, Bjarte L. Kalvøy, Olav Barmen Trollebø, Espen Reed Lothe, Kristian Møll, Andreas Dyrrdal, William Landøy, Sverre Løken, Daniel Tsehaie
Sandane 2 mangla fleire sentrale spelarar i denne kampen, men gjekk uforferda til verks, og starta første omgang best. Det var ein kanonade mot Haugens mål frå start. Sverre Løken ordna 1-0 til gjestene på ein fin kipp over keeper, etter å ha blitt spelt fri av Kristian Møll.
Men etter 11 minutts spel vart det klar for utlikning. 2-1 til Haugen kom på straffe, og fram til pause ordna Haugen to nye mål.
Sandane 2 starta også andre omgang svært bra, og laget reduserte til 2-4 rett frå avspark, ved Kristian Møll.
Dessverre var Sandane 2 berre nokre sekund i paradis, då Ronny Berg ordna 5-2 med eit skot direkte frå Haugens avspark i midtsirkelen.
Gutespelar Espen Reed Lothe debuterte for Sandane 2 denne kvelden, og gjorde ein flott innsats. Lagkameraten frå gutelaget, Ruben Nesdal, spelte også ein fin kamp.