[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane - Høyang

Forfatter: Svein Kristiansen

29. april 2016

Fotball
News article image

STIL gjekk på eit eittmålstap mot Høyang fredag kveld.

Kampfakta: 

Sandane - Høyang 0-1 (0-0)

4. divisjon

Sandane Idrettspark, kunstgras

75 tilskodarar

0-1 Jakob Bergset (55. min) (straffe)

Dommar: Brede Nymark, Sogndal

Gule kort: Sander Olsen og Eirik Haukøy, Høyang, Anders Frøyen, STIL

Sandane: Simon Gimmestad, Torbjørn Gran (Eirik Rauset frå 85. min), Kyrre Vereide Kroken, Martin Svarstad, William Landøy, Petja Cink, Jonas Løvland, Arne Morten Vilnes Øen, Anders Frøyen, Gudmund Bjotveit (Martin K. Skaar frå 75. min), Jonas Løvland, Thomas Dyrrdal.

Høyang: Andreas Horvei, Sander Olsen, Andre Valsvik, Robert Alrek, Amund Rørvik, Michael Våge (Andreas Berge frå 46. min), Mats Loftesnes (Alexander WWolf frå 90. min), Eirik Haukøy, Christoffer Maureira, Joakim Måren, Jakob Bergset.

Dei raudkledde gjestene leverte ein gjennomført kamp, der vi særskilt merka oss eit kompakt og godt forsvar. Dei to midtstopparane tok det aller meste STiL prøvde seg med, spesielt då heimelaget jaga ei utlikning utover i andre omgang.

Kampen vart avgjort på eit straffespark ti minutt ut i andre omgang. Dommar Brede Nymark såg ut til å vere i villreie, men etter noko betenkningstid peika han på straffemerket. Spekulasjonane frå begge lags representantar langs sidelina gav ikkje klart svar på kva forseelse dommaren hadde sett. I STIL-leiren var frustrasjon merkbar, sidan ein framleis hugsar den same svartkledde dømme det som vart omtala som eit billeg straffespark i opningskampen mot TMFK.

STIL opna kampen aggressivt og godt og hadde eit spelemessig overtak i første omgang. Det var likevel Høyang som kom til dei første sjansane i kampen, og ved eitt høve var det ope mål og kun ein spretten kar i blått som hindra 1-0 til Høyang. Sandane kom til fleire gode avslutningar, dei aller fleste ved Jonas Løvland. Nærast kom Løvland på eit langskot som gjekk i tverrliggaren.

I andre omgang var betre for Høyang sin del. Det passa laget godt å ligge bakpå og vente på Sandane sine angrep, som i liten grad enda opp i Høyangs 16 meter. Mangelen på klare målsjansar heldt seg kampen ut, og STIL gjekk dermed på sitt andre nederlag i sesongen.  

Litt fleire detaljar frå kampen er å finne på STIL Fotball si FB-side.