Enivest IFO
Seier i NM-kvalifiseringa
Forfatter: Svein Kristiansen
19. juni 2021
Fotball
Det vart ein fartsfylt og intens kamp då STIL J19 møtte Stryn til dyst i Idrettsparken laurdag.
J19 NM-kvalifisering
Sandane - Stryn 1-0 (0-0)
1-0 (67. min) Sara Lothe Rustøen
Begge lag spelte seg til store sjansar i kampen, og det kunne fort blitt fleire mål enn det som skulle vise seg å bli kampavgjerande: Sara Lothe Rustøens kontante mål etter eit fint STIL-angrep, 67 minutt ute i kampen.
Stryn var avhengige av uavgjort for å gå vidare i NM-cupen, medan Sandane uansett ikkje ville få vidare avansement etter tap mot Førde for ei veke sidan.