[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STIL i ein bølgedal

Forfatter: Svein Kristiansen

13. juni 2015

Fotball
News article image

STIL gjekk på sitt tredje strake tap i fredagens tabellnaboduell mot Dale.

Heimelaget opna greitt og hadde kontroll på gjestene lenge. Mot slutten av første omgang kom Dale sterkare med, og i motsetnad til kva ein kunne tenkt var det Dale som gjorde det klart best i andre omgang. To dødballmål, først eit glimrande frispark av Vegard Dyrstad, deretter ein flott corner som gjekk direkte i mål frå Frank Vik, var meir enn nok til å avgjere kampen. 

Sandane sitt mannskap bør gå i seg sjølv. Laget er absolutt best når ein har tempo i ball og rørsle rundt ballførar. Det var mangelvare i kveld. Synd for eit rekordstort publikum (250) som kunne glede seg over Kvalitetsklubbstempel og hallopning på Sandane denne kvelden. 

STIL har hatt ein vårsesong prega av mange skader, forfall, eksamenar mv. No håpar vi på at laget vert fulltallig til dei viktige kampane framover.