Sjur Gimmestad og Svein Kristiansen takkar for seg
Forfatter: Svein Kristiansen
31. mai 2016
Etter nesten tre månader på overtid takkar Sjur Gimmestad og Svein Kristiansen for seg i leiarstolen i Sandane Turn og Idrettslag. Det ekstraordinære årsmøtet i laget måtte konstatere at laget enno er utan ny leiar.
Det var mandag kveld det var tillyst ekstraordinært årsmøte i STiL, med kun ei sak på saklista: Val av ny leiar.
STIL har hatt heile to valkomitear i sving, men utan at ein har klart å få napp i forhold til leiarvervet i laget. -Fleire kandidatar kan tenke seg å leie STiL, men ikkje akkurat no, vart det meldt frå valnemndene.
Det vert no dei resterande medlemmene av Arbeidsutvalet som skal styre STIL-skuta framover. STIL har ikkje gitt opp arbeidet med å finne ein leiar.
-Gruppene i STIL fungerer godt, med sterke styrer og oppegåande leiarar, vart det sagt på årsmøtet. Det gjer arbeidet for Arbeidsutvalet langt enklare.
Det var på det ekstraordinære årsmøtet i 2015 at Sjur Gimmestad og Svein Kristiansen (leiar og nestleiar i fotballgruppa) tok over leiarskapen også i hovudlaget. I året som har gått har eit hovudfokus vore arbeidet med medlemsregistrering, økonomi, hovudsponsor og intern kommunikasjon i laget. Ei valnemnd vart oppnemnt for å finne kandidat til å overta leiarvervet i STIL frå 2016. På det ordinære årsmøtet 7. mars 2016 måtte ein slå fast at det ikkje hadde lukkast å finne ein kandidat som var villig til å ta på seg vervet. Sjur Gimmestad og Svein Kristiansen sa seg då villige til å styre skuta i to nye månader, slik at valkomiteen (ane) kunne få arbeide vidare.
Dessverre har ein ikkje lukkast med å få ny leiar på plass.
Dei to avgåande leiarane gjorde det klart for årsmøtet at grunngjevinga for å gje seg no var at arbeidet med å leie både fotballgruppa og hovudlaget over tid vert ei for stor oppgåve.
Arbeidsutvalet i STiL består av Julie Hauge Hjelmeset (nestleiar), Hilde Austrheim (sekretær), Maren Elise Vereide (kasserar) og Marianne Hjartholm (vara).