TINE Fotballskule 2026
Forfatter: Administrasjonen
27. mai 2026
Velkomen til TINE Fotballskule 23.– 25. juni 2026
Vi i STIL Fotball ynskjer deg velkommen til Tine Fotballskule 2026! Dette blir tre kjekke dagar fylt med fotball, leik og moro, og vi håpar du ser fram til det like mykje som oss.
Pris per barn: 900 kr
Alder: 7-12 år (født 2014-2019)
Berre 1 deltakar per registrering. Registreringa starter 17. april 2026 og vi vil i år ha eit avgrensa antal plassar tilgjengeleg.
Alle deltakarane får TINE Fotballskule t-skjorte i teknisk materiale, sekk med fotballnett og diplom.
Påmeldinga er bindande, og påmeldingsfristen er 16. juni 2026.
Tid og stad:
- Dato: 23.-25. juni 2026 (Tysdag – Torsdag)
- Tid: Kl. 10:00 - 14:00 (registrering kl. 09:45 kvar morgon)
- Stad: Sandane Idrettspark, registrering i klubbstova i garderobebygget
Kvar morgon vert du tatt imot av blide ungdommar og spelarar frå A-laga til STIL Fotball
PÅMELDING HER:
https://club.spond.com/landing/courses/sandanetil/F3807561DF684198962EFDE3768E5DC7?source=direct
Korleis blir dagane?
- Tysdag og onsdag: Vi deler inn i grupper etter alder og kjønn for trening og aktivitetar.
- Torsdag: Eit litt annleis opplegg med Mesternes Mester og Champions League, der du blir sett saman med nye lagkameratar. Her blir det blanda lag med gutar og jenter, men vi tek omsyn til alder.
Instruktørar/trenarar
Du blir trent av seniorspelarar frå dame- og herrelaget til STIL Fotball. Om lag 40 personar er med som trenarar og bidragsytarar gjennom dagane. Kanskje blir ditt store fotballforbilde trenaren din ein av dagane!
Dette må du ha med:
- Rikeleg med drikke og niste. (Tysdag får alle to pølser med grovt brød)
- Kle deg etter været. Ta med ekstra klede. Veret kan skifte raskt, og hallen kan bli varm. Husk solkrem!
- Sko: Både joggesko og fotballsko.
- GODT HUMØR OG POSITIV INNSTILLING! Vi skal ha det kjekt saman, ta vare på kvarandre og inkluder alle! Vi møter kvarandre med eit smil!
NB! Bilete og personvern: Vi kjem til å ta bilete av deltakarane under fotballskulen. Om du IKKJE ynskjer at bilete av barnet ditt blir publisert på STIL Fotball sine sider, husk å merke av dette i registreringa.
For spørsmål angåande påmelding, ta kontakt med sportsleg leiar Jonas Denk, [email protected]
STIL Fotball ønskjer ikkje å ekskludere barn grunna økonomiske forhold. Send inn førespurnad om heil eller delvis gratis deltaking ( primært for barn opp til 4. klasse) til dagleg leiar Maria Karin Dalsbø, [email protected]
Vi gler oss til tre dagar med fotball, leik og moro saman med deg!
Vel møtt!