[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Blir det meir å smile for?

Forfatter: Svein Kristiansen

06. august 2015

Fotball
News article image

STIL-trenar Øyvind Hervik vurderer stoda før haustsesongen brakar laust med Høyang på Idrettsplassen fredag kveld. -Vi går for ein god start, seier han.

-Vi møter eit godt, fysisk sterkt Høyang med hurtige angriparar, og veit godt kva som ventar oss, seier Hervik i ein kommentar før Sandane - Høyang. 

Sandane har ein stor spelarstall, og godt er det. Sander Nesdal, Anders Silden og Jon Vegard Byrkjedal har alle uniformerte oppgåver i haust og vil ikkje vere tilgjengelege for fotballspel. Til kampen mot Høyang må STIL-trenaren også unnvere Ole Andre Aa (snart tilbake frå langtidsskade), Isak G. Solheim (3 gule kort) og Sebastian Bujnicki (sonar for raudt kort). Martin Sivertsen har arbeid å gjere og blir heller ikkje tilgjengeleg for Sandane i august. 

Det opnar veg for nye krefter, og Hervik varslar at det vil gje rom for ungdom kombinert med meir rutine. -Det er ofte den beste kombinasjon, seier han, og ser fram til å kome i gang med haustsesongen. -Dei to sigrane (mot Førde 2 og Skavøypoll) rett før ferien gav oss fin kontakt oppover på tabellen, og var viktig med tanke på haustsesongen, seier Hervik. 

STIL-trenaren kan også glede seg over å at Ingar Sårheim har meldt overgang til Sandane og er til disposisjon til kampen mot Høyang. Jonas Løvland vil venteleg vere tilbake i STIL-trøya til neste helgs kamp. Det er neppe nokon som var til stades i Høyanger som har gløymt hans flott matchvinnarskåring på overtid i vårkampen. Sandane vann den kampen 3-2 etter å ha vore under med 0-2. Høyang har garantert lyst til å revansjere seg på Idrettsplassen. 

Kampstart kl 1900, Idrettsplassen: Sandane - Høyang