Sandane vann 6-1 over Florø 2
Forfatter: Svein Kristiansen
14. mai 2022
Og det var ikkje eit mål for lite.
Sandane - Florø 2 6-1 (3-0)
Sandane Idrettspark
5. divisjon
Sandane tok tak i det heile frå start då dei tok i mot Florø 2 til kamp i Idrettsparken laurdag. At det ikkje vart skåring alt i opningsminutta er litt vanskeleg å forklare. STILs solide midtbane serverte nydelege framspel, sjansar vart skapt, men ingen mål. Det skulle likevel ikkje gå meir ein sju minutt av kampen før Hallvard Bjotveit mottok eit fint framspel. Den hurtige kantspelaren sette ballen sikkert i mål. 2-0 kom då Robert Vik viste kvifor han var dagens mann i blått. Sterk og god i duell på midten, perfekt pasning til Bjotveit som så serverte Nimrod Isaac i optimal skåringsposisjon framfor mål.
Sandane fekk fleire annulerte mål i denne kampen. Ein kort periode var Florø 2 noko betre med, men utan å skape noko farleg framfor STILs mål. I staden var det Bjotveit som ordna 3-0 etter igjen å ha blitt spelt fri. Denne gongen forserte Bjotveit seg inn mot midten og avslutta med eit pent skot i mål.