Det grønkast i Idrettsparken
Forfatter: Svein Kristiansen
02. august 2022
Arbeidet med å legge nytt dekke i Sandane Idrettspark nærmar seg slutten.
Foto: Håvard Gimmestad og Svein Kristiansen
Sandane Idrettspark får ei sårt tiltrengt oppgradering med legging av nytt kunstgrasdekke denne sommaren. Arbeidet har blitt seinka av ein regnvåt sommar, og skulle etter siste skjema bli ferdigstilt denne veka.
Regnveret dei siste dagane har imidlertid skapt noko usikkerheit om kva dato bana vert endeleg klar til bruk. Baneleggarane er imidlertid kome langt i arbeidet og det er mogeleg at arbeidet kan sluttførast mandag 8. august. Kjell Petter Solhaug i Gloppen kommune opplyser at regnveret vi har over oss framleis kan føre til at sluttstreken blir utsett noko.
Det nye dekket er ikkje det einaste som skjer i Idrettsparken denne sommaren. Som del av nye retningslinjer må det også lagast ny skjerming rundt deler av bana. - Vi held på å sette opp eit gjerde mellom bana og klatreparken for å få ein fysisk barriere og for å leie gangtrafikken gjennom sluser/børstestasjonar. Vi jobbar også med å etablere sluser på langsida der innbyttarbenkane står, fortel leiar i anleggsnemnda i STIL fotball, Håvard Gimmestad.
-Fordelen med tiltaka vi gjer er at vi reduserer svinnet av gummigranulat. Bakdelen er at det blir litt lenger å gå for å hente ein ball som har hamna utanfor bana. Då må spelarane gå til nærmeste sluse, børste av seg og hente ballen.
På den andre sida gjer fysiske barrierer og gjerder at færre ballar hamnar utanfor bana, så dette håpar vi er til å leve med, seier Gimmestad.