[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idrettar

Landsbyen oppdrar barna saman

Custom image

«It takes a village to raise a child.» Denne kjende afrikanske vendinga har vore inspirasjonen for STIL Fotball sitt prosjekt – eit tiltak vi har valt å kalle Landsbyprosjektet: Landsbyen oppdrar barna saman.

Gjennom Landsbyprosjektet ønskjer STIL Fotball å bygge eit sterkare fellesskap rundt barna – både på og utanfor bana. Prosjektet legg til rette for samarbeid mellom foreldre, skule, helsestasjon, barnevern og idrettslag, slik at vi i fellesskap kan gi eit betre og meir tilpassa tilbod til barn – særleg dei som står i fare for å falle utanfor.

Barn med utfordringar, til dømes reguleringsvanskar, skal oppleve tryggleik og ivaretaking når dei deltek på våre treningar. Samtidig skal alle barn som deltek i våre aktivitetar kjenne seg trygge, også i møte med medspelarar som kan ha grenseutprøvande eller uvanleg åtferd. Difor er det viktig for oss å utvikle gode samarbeidsrutinar og brei kontaktflate mellom klubben og dei offentlege instansane som jobbar med barn og familiar.

Dette prosjektet handlar ikkje berre om fotball. Det handlar om å vere ein trygg landsby – eit nettverk av vaksne som samarbeider, stiller opp og ser alle barn.

STIL Fotball sine samarbeidspartar i Landsbyprosjektet er Gloppen kommune, Vestland Idrettskrets og Norges Fotballforbund – Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Kva er Landsbyprosjektet?

Landsbyprosjektet er eit tiltak som skal gi born i Gloppen eit enkelt, trygt og inkluderande tilbod om å spele fotball i sitt eige nærmiljø. Målet er å skape trygge møteplassar der born kan leike, lære og utvikle seg – både fysisk, sosialt og mentalt – utan at det stillast krav om ferdigheiter, utstyr eller lange reiser.

STIL Fotball ønskjer å møte born der dei er, og bidra til at alle – uansett bakgrunn – får oppleve meistring, fellesskap og idrettsglede. Gjennom samarbeid med foreldre og frivillige legg vi til rette for fotballøkter og samlingar i bygdene, med låg terskel for deltaking og høg verdi for både born og vaksne.

Mål og verdiar

Landsbyprosjektet har som mål å inkludere fleire born i idretten og skape eit sosialt miljø der alle kjenner seg velkomne. Det skal vere ein trygg stad å vere – både for dei som har spela mykje fotball før, og for dei som aldri har vore med på organisert aktivitet. Samstundes ønskjer vi å styrke den fysiske og psykiske helsa til borna gjennom leik og bevegelse, utan prestasjonspress.

Vi legg stor vekt på at terskelen for å vere med skal vere låg. Treningane skal vere gratis, utan krav til spesialutstyr, og gjennomførast nært der borna bur. Alle skal få vere med, og det skal vere enkelt for familiar å kombinere kvardagsliv og fritid.

Eit viktig prinsipp i prosjektet er at born som deltek skal møtast av trygge og tydelege vaksne, og at både foreldre og andre lokale ressursar skal vere aktive medspelarar. Difor gir vi også støtte og rettleiing til dei som ønskjer å bidra, gjennom enkle kurs, øktplanar og oppfølging.

Eit anna viktig aspekt ved prosjektet er arbeidet med verdiar og tryggleik. Vi ønskjer at alle barn skal kjenne seg velkomne, respekterte og inkluderte, også i møte med medspelarar som kan ha utfordrande åtferd. Det vert jobba aktivt med fair play, grensesetting og fellesskapsbygging i heile prosjektet.

Landsbyprosjektet handlar om å byggje eit fellesskap der alle barn får vere med, bli sett og oppleve meistring. Saman kan vi gjere ein forskjell – for kvar enkelt unge, og for lokalsamfunnet vårt.

Hendingar i prosjektet

Juni 2022Oppstart
September 2022Kartlegging internt STIL Fotball
November 2022Stormøte i Trivselshagen, presentasjon av prosjektet
Januar 2023Samarbeidet med Gloppen kommune vert formalisert
Mars 2023Oppfølgingsmøte med Gloppen kommune
September 2023Oppfølgingsmøte med Gloppen kommune
Februar 2025Oppfølgingsmøte med Barnevern, Flyktningeteneste, Gloppen kommune, Idrettsrådet, Sandane skule, Gloppen ungdomsskule og Frivilligsentralen 
Vinnerne av årets Fair play-klubber i 2022 er kåret
Custom image